18 Feb 2022 kl: 00:00
Rektorar

Sunnfjord kommune - Sunnfjord

Sunnfjord Rektor

Rektorar

Rektorar

Vi søker etter ny rektor ved Bygstad skule og Holsen skule og barnehage i Sunnfjord kommune.


Holsen skule og barnehage har ca. 43 elevar frå 1. – 7. trinn og 29 born i barnehagen. Vi tilbyr SFO.  Vi har gode fasilitetar og ligg flott til ved Holsavatnet i naturskjønne omgjevnader.  Holsen skule og barnehage har gode faglege resultat og det er høg trivsel blant born, elevar og tilsette. Det er fokus på kontinuerleg utviklingsarbeid og skulen har gode system for utvikling og læring i profesjonsfellesskapet. 

Vi søker ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert, dyktig og samlande. Du må vere ein aktiv skule- og barnehageleiar som evner å delta og drive prosessar framover.  Du må evne og omsette Sunnfjord kommune sine verdiar i praksis, engasjert, inkluderande og nær.

Søk her

Bygstad skule har 95  elevar frå 1. – 7. trinn, og ligg flott til i nærleiken av storslått natur.  Det er gode fasilitetar for skule og SFO.  Det blir bygd ein ny hall i nærleiken av skulen, som kan nyttast til kroppsøving og aktivitetar.  Bygstad skule har gode faglege resultat og det er høg trivsel blant born, elevar og tilsette. Det er for tida fokus på utviklingsarbeid retta inn mot  fagfornyinga (LK20).

Vi søker ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert, dyktig og samlande. Du må vere ein aktiv skuleleiar som evner å delta og drive prosessar framover.  Du må evne og omsette Sunnfjord kommune sine verdiar i praksis, engasjert, inkluderande og nær. 

Søk her




Vi søker rektorar som har:


  • erfaring frå skuleleiing
  • god pedagogisk forståing og innsikt
  • erfaring frå utviklingsarbeid
  • erfaring frå barnetrinn og oppvekstsenter
  • systemkompetanse og erfaring frå å nytte resultat i utviklingsarbeid
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne


Arbeidsoppgåver:


  • leie og motivere til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • personal og økonomistyring
  • drive skulen og barnehagen i samsvar med lov, sentrale og kommunale føringar
    samarbeide med foreldre


Utdanning:


  • godkjend utdanning frå høgskule/universitet med undervisningskompetanse for grunnskulen
  • utdanning i leiing, eller du er villig til å ta det etter tilsetting.


Personlege eigenskapar


  • kunne stå fram som ein tydeleg leiar med visjonar for skulen og barnehagen
  • kunne sette born si læring og utvikling i sentrum for arbeidet
  • kunne ta initiativ til  å utvikle arbeidsplassen administrativt og fagleg
  • vere samlande og inkluderande
  • strukturert  og ryddig
  • kunne handtere eit høgt arbeidstempo
  • har relasjonskompetanse
  • ein lagspelar som bidreg i kommunen sitt faglege fellesskap
  • er lojal i høve politiske vedtak og administrative avgjerder.

  • Vi kan tilby:

    • gode løns- og arbeidsvilkår
    • eit fagleg fellesskap
    • ein aktiv skuleeigar som legg til rette for utviklingsarbeid
    • ei spennande og utfordrande leiarstilling

    Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.

    Du søker elektronisk.

    Vi ser fram til å høyre frå deg.