Rektor/einingsleiar – 100 % fast
Lyst til å vere øvste leiar på Helland ungdomsskule?
Vestnes kommune søkjer etter ein utviklingsorientert og samlande rektor/einingsleiar for Helland ungdomskule. Helland ungdomsskule er for tida lokalisert i Tresfjord, fram til ein felles ungdomsskule for kommunen blir realisert. I tillegg til å leie Helland ungdomsskule fram til ny ungdomsskule er på plass, vil den som blir tilsett bli rektor for den nye felles ungdomsskulen i kommunen. Oppstart: 01.08.2022
Rektoren vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med utforminga av den nye felles ungdomsskulen i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av lærings- og utviklingsarbeid
- Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
- Forvaltning og kvalitetsutvikling
- Økonomistyring og resultatkontroll
- Tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- Samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- Kvalitetsutvikling
Kvalifikasjonar
- Utdanning i skuleleiing vektleggjast
- Undervisningserfaring frå grunnskulen
- Leiarerfaring frå skule, særleg som rektor
- God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. Må meistre både nynorsk og bokmål
- Gode IKT-kunnskapar
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
Personlige egenskaper
- Kan motivere og inspirere elevar og tilsette
- God på dialog og kommunikasjon
- Kan vere synleg i møte med elevar, tilsette og føresette
- Har evne til å etablere godt samarbeid mellom partane i skulesamfunnet og til å skape gode relasjonar
- Har evne til å leggje til rette for innovasjon og nyskaping
- Har evne til å planlegge og gjennomføre tiltak
- Kan arbeide strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
- Ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju
Referanser
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Kontaktinformasjon
Knut Øyvind Hoem
tlf: 71184091
mob: 48272458
Fylke: Møre og Romsdal
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 20.06.2022
Tiltreding: 01.08.2022
Arbeidsstad: Skulebakken 1, 6391 Tresfjord