Personalrådgjevar
Vil du væra med å utvikle arbeidsplassen for 650 flotte tilsette?
Har du erfaring med personaladministrasjon og ynskjer nye utfordringar? Då vil vi ha deg med på laget!
Vår nye personalrådgjevar rapportera direkte til HR-sjef, og skal samarbeida tett med den kommunale leiingen i personal- og lønnsspørsmål. Vi søkjar deg som er ein god lagspelar, og som trivast med å jobbe både administrativt og med utvikling. Du blir ein sentral støttespillar for avdelingsleiar og kommunalsjefar, og får eit sjølvstendig ansvar for dine område.
Dine arbeidsoppgåver
- personaladministrasjon A-Å
- førebuing og medverknad i lønnsforhandlingar
- samspill/samhandling med organisasjonane og vernetenesta
- HMS ansvar
- støtte til leiarar innan personal/HR-faglige spørsmål
- delta i utvikling og implementering av HR-prosesser og digitale systemer
- oppgåver kan endrast og eventuelt tilpassast til kandidatens kompetanse
Me ynskjer at du har
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
- kompetanse og erfaring innanfor personal/HR
- god digital kompetanse
- kjenskap til lov- og avtaleverk er ein fordel
Me legg vekt på desse personlege eigenskapane
- god på kommunikasjon og samarbeid
- emne til å arbeide grundig, sjølvstendig og systematisk
- tillitsvekkande relasjonsbyggar
- gode refleksjonsemnar
- trivast med å jobbe i høgt tempo
- positiv haldning og godt humør
Me tilbyr
- spennande og varierte oppgåver
- godt arbeidsmiljø med mykje engasjement
- fagleg utvikling og vekst
- deltaking i leiarutvikling
Søkjarar som ynsker å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Kontaktpersonar
Berit Albrecht
tlf: 32085000
mob: 93269970
Fylke: Viken
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 22.06.2022
Arbeidsstad: Ål
Ål kommune HR-avdeling
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag. Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!