23 Feb 2022 kl: 00:00

Alsaker Fjordbruk AS - Onarheim

Onarheim Matros

Matros på brønnbåt

Matros på brønnbåt


Alsaker LFC Service AS har våren 2021 fått levert ein av Norges største brønnbåtar med design frå Salt Ship Design. Fartøyet har lengde 90,7m, bredde 18,6m og 5919 brt, sertifisert for Nordeuropeisk fart.

M/S Kristoffer Tronds er ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet, og har topp moderne teknologi og mannskapsfasilitetar.

Fartøyet er utstyrt med ein stor fiskebehandlingspakke frå MMC, der det er lagt vekt på fiskevelferd og teknologi innan behandling, sortering og transport av fisk. Den har 4 brønnar, Optilicer, RSW anlegg, omfattande navigasjonssystem og dynamisk posisjonering.

Me søkjer etter deg som har erfaring frå brønnbåt eller havbruksbransjen generelt, er påliteleg, resultat- og løysingsorientert. Du har god evne til å organisere arbeidet og er handlekraftig.

Sertifikatkrav er ferdighetssertifikat matros og elles dokument i henhold til Manila 2010-konvensjonen.

Du ynskjer ein jobb som krev mykje av deg, og som gjev deg utfordringar. Godt arbeidsmiljø og gode resultat er viktig for deg, og du er lett å samarbeida med.



Me tilbyr:


  • Turnusordning med 4 veker på/av
  • Konkurransedyktig lønn, pensjons- og forsikringsordning
  • Ungt arbeidsmiljø med veldig kjekke kollegaer
  • Norsk er arbeidsspråk, men med ynskje om gode engelskkunnskapar.



Om oss


Alsaker konsernet sin nye brønnbåt er bygd i Bilbao i Spania, av verftet Astilleros de Murueta. Fartøyet er designa av Salt Ship Design og vart levert i slutten av mars 2021.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern, og er ein av dei største privateigde aktørane innan produksjon av smolt og matfisk. Konsernet har utvikla og driv fleire smoltanlegg, eige slakteri og har eit stort tal matfiskkonsesjonar.

Partane har samarbeidd over lengre tid for å utvikla eit brønnbåtdesign med utgangspunkt i skånsam fiskehandtering i kombinasjon med sterkt fokus på hygiene, miljø og kvalitet. Fartøyet har fleire nye og spanande designløysingar, og innebygd ein stor fleksibilitet i høve til ulike typar behandlingsmetodar.


Kontakt

Bernt Arne Gulliksen

Kaptein

Mail jobb@fjordbruk.no

Telefon 96094416

Søknadsfrist: 09.03.2022




Alsaker Fjordbruk


Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar marineservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 2,2 milliard i omsetning og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no