30 Maj 2022 kl: 09:17
Lønsansvarleg / lønskonsulent

Array - Ål kommune - Ål kommune

Ål kommune Löneadministratör

Lønsansvarleg / lønskonsulent

Lønsansvarleg / lønskonsulent


Vil du vere med og utvikle morgendagens lønsfunksjon?


Om stillinga


Vår løns- og økonomiavdeling søkjar en ny kollega i 100% fast stilling med tiltreding så raskt som mogleg. Vi køyrer løn for 650 tilsette i ulike kommunale og interkommunale avdelingar, alt frå barnehage til sykestugu og mm. Våre lønsmedarbeidarar har et godt samarbeid med fagmiljøet i Hallingdal, og kan bidra til og dra nytte av det regionale lønsnetverk.



Dine oppgåver


  • Ansvarleg for lønskøyring.
  • Drive fram digitalisering av oppgåver innafor løns- og HR-området.
  • Bistand og opplæring av eksterne einingar i lønsspørsmål.
  • Arbeid med rutinar og dokumentasjon av prosedyrar.



Dine kvalifikasjonar


  • Utdanning på høgskulenivå og/eller relevant erfaring frå lønsarbeid.
  • Digital kompetanse.



Dine personlege eigenskapar


  • Strukturert og nøyaktig.
  • Serviceorientert.
  • Målrettet med høy gjennomføringsevne.
  • Fleksibel og omgjengelig, god på samarbeid.
  • Opptatt av nytenkning og kontunuerlig forbedring.



Me tilbyr


  • Spennande oppgåver og fleksibel arbeidstid
  • Opplæring og fagleg rettleiing.
  • God fagleg og personleg utvikling.
  • Triveleg arbeidsmiljø og hjelpsomme kollegaer.



Lønsvilkår


Lønn etter gjeldande tariffavtale, og gode pensjonsordningar i KLP.



Send søknad


Du må sende elektronisk søknad. Velg ” Send søknad” og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med. Kommunikasjon med søkarar skjer elektronisk via Easycruit systemet. Me opplevar dessverre at nokn fer desse e-postane i sin søppelpostkasse. Så venleg sjekk søppelpost for mogeleg svar (kjem frå adressa; no-reply@easycruit.com).

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.


Kontaktinformasjon

Arne Petter Fredriksen

+47 95110001

Søknadsfrist: 15.06.2022

Arbeidsstad: Ål

Fylke: Viken

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag




Ål kommune

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell. Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag. Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!