10 Jun 2022 kl: 10:33
Økonomileiar

Array - Valle Kommune - Valle kommune, Valle

Valle Valle kommune Ekonom

Økonomileiar

Økonomileiar


Valle kommune

Me har ledig ei spennande og utfordrande leiarstilling i Valle kommune – er dette noko for deg?


Valle kommune er ein kraftkommune med i underkant av 1200 innbyggjarar, i hjarta av Setesdal, berre to timars biltur frå Kristiansand og Stavanger. Den særmerkte kulturen vår er på UNESCO si verdsarvliste, og tilreisande frå inn- og utland nyttar den spektakulære naturen vår til aktivitet og rekreasjon. Dei siste åra har Brokke vakse fram som ein av dei mest populære hyttedestinasjonane i Agder og skapt grunnlaget for ei positiv utvikling i lokalt næringsliv.

Leiar for økonomi har det administrative ansvaret for m.a. kommunen sitt budsjett, rekneskap og økonomiarbeid. Stillinga rapporterer til kommunedirektøren og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Leiar økonomi har personalansvaret for tilsette i eininga økonomi.

Økonomileiar har ein nøkkelrolle, og vi treng deg som er fagleg sterk med kunnskap om kommunal økonomi, finans og eigarstyring av kommunalt eigde og deleigde selskap. Du har strategisk teft når kommunen skal forvalte midlane, og du motiverast av å forvalte ressursar til det beste for fellesskapet. Økonomistyringa i kommunen er avhengig av eit omfattande samarbeid med mange involverte parter i heile organisasjonen,

og her har du ein strategisk, retningsgjevande og leiande rolle på vegne av kommunedirektøren. Kommunen er oppteken av å nytte digitale verktøy til å forbetre både tenestene me tilbyr innbyggjarane og interne arbeidsprosessar. Me ser etter ein person som kan vere ein aktiv pådrivar i dette arbeidet.

Me ynskjer ein økonomileiar som har evne til å kommunisere med andre, og at du kan tilpasse kommunikasjonen til menneska du er i kontakt med, anten det er politikarar, leiarar, tilsette eller tillitsvalde.

Det heilskaplege ansvaret for å sikre det langsiktige perspektivet i kommunen si økonomi- og finansstyring gjennom handlingsprogram, budsjett og økonomiplan, ligg til økonomileiar. Du har ansvaret for å vidareutvikle kommunen, sikre gode budsjettprosessar og syte for effektiv økonomistyring.

Arbeidsoppgåver


  • Overordna ansvar for kommunen sitt budsjett, økonomirapportering, finans- og kraftsaker, eigarstyring og forvaltning
  • Personalleiing for eininga Økonomi
  • Vere kommunedirektøren sin rådgjevar og støttespelar innanfor økonomiske og finansielle problemstillingar
  • Vere med på å sikre god internkontroll
  • Bidra til å modernisere og forenkle arbeidsprosessar og å ta i bruk nye, digitale verktøy
  • Bidra til ein positiv kultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø



Kvalifikasjonar


  • Relevant høgare utdanning innan økonomiske fag frå universitet/ høgskule
  • Kjennskap og fagleg bakgrunn til å forstå komplekse problemstillingar i kommunen sin økonomi
  • Analytiske eigenskapar og innsikt i kva som er drivarar for inntekter og utgifter i ein kommune, kva som er viktig i den samanhengen og at du kan kommunisere godt omkring desse
  • Leiarerfaring er ynskjeleg
  • Digital kompetanse og kjennskap til kvalitetsarbeid



Personlege eigenskapar


  • Evne til målretta, strategisk og strukturert arbeid, både sjølvstendig og i team
  • Høg arbeidskapasitet og greie å levere god kvalitet i pressa situasjonar med til tider korte tidsfristar
  • Du fungerer bra i samspel med leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde. Du bygger tillit og bidreg til løysingar og alternativ.
  • Du kommuniserer godt både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.



Vi tilbyr


  • Ei nøkkelrolle i kommuneadministrasjonen og del av kommunedirektøren si leiargruppe
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med fleksibel arbeidstid i eit godt arbeidsmiljø
  • Kollegaer med fagleg breidde, godt humør og som har lyst til å gjere ein skilnad
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • Løn etter avtale
  • Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfald. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.


Kontaktinformasjon

Vidar Homme


Kommunedirektør

90018240

vidar.homme@valle.kommune.no

Ann Christin Jacob


Leiar HR og eining Velkomstsenter

99648040

ann.christin.jacob@valle.kommune.no

Søknadsfrist: 26.06.2022

Arbeidsgiver: Valle kommune

Sted: Valle

Stillingstittel: Økonomileiar

Stillinger: 1

Heltid / Deltid: Heiltid

Ansettelsesform: Fast

Stillingsprosent: 100


Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/