22 Feb 2022 kl: 00:00

Bykle Kommune - Bykle

Bykle Läkare

Fastlege

Fastlege


Helsetenesta i Bykle og Valle

Liker du utfordringar?

Eineståande sjanse til å jobbe i vakre Setesdal – vi har fastlege stilling med gode betingelser! Er du interessert i allmennmedisin, er i LIS3-løp, eller er til og med spesialist i allmennmedisin, eller berre ønsker eit år i allmennpraksis frå annan jobb og har formell legevaktkompetanse – har vi ledig 100 % fastlegestilling ved Valle legekontor i Setesdal!


Stillinga og kontoret:

Valle legekontor inngår i vertskommunesamarbeid med Bykle kommune som felles helsetenesta i Bykle og Valle. Bykle kommune har arbeidsgjevaransvaret. I stillinga er det fastlegeoppgåver ved Valle legekontor. Fastlønnet med ei liste på 600 pasientar. Stillingen vil ha ansvar for helsestasjon. Beredskapslegevakt i distrikt med gode betingelser. Vaktdistriktet er Valle og Bykle kommune. I medarbeidarstaben er det stor del sjukepleiarar. Kontoret er moderne og godt utstyrt.

Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle.

Kommunane har totalt 2 ØHD-senger på respektive sjukeheim i Valle og Bykle kommune. Legekontoret i Valle har helsesjukepleiar, fysioterapeut, jordmor og psykisk helse/rus i same bygg med godt samarbeid. Totalt er det 4 fastleger og 2 LIS1-leger i samarbeidet (fastlege og legevakt) med 3 lokasjoner: i Valle, i Bykle og på Hovden.


Arbeidsoppgåver


  • Generelle allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt
  • Beredskapslegevakt i distrikt og bakvakt for LIS1
  • Akuttmedisinske utfordringar som skadehandtering og liknande
  • Fag/tenesteutvikling
  • Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver



Kvalifikasjonar


  • Lege med norsk autorisasjon
  • Lege under spesialisering eller spesialist i allmennmedisin
  • God digital kompetanse
  • Må vera kvalifisert til sjølvstendige legevakter
  • Førarkort kl.B
  • Gode kunnskaper i norsk eller anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg, samt engelsk på eit grunnleggjande nivå



Personlege eigenskapar


  • Engasjement og interesse for allmennmedisin
  • God klinisk vurderingsevne
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Evne og vilje til samarbeide og evne til å arbeide sjølvstendig vert lagt vekt på
  • Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
  • Du er parat til å dele din kunnskap med og lære av andre
  • Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette



Vi tilbyr


  • Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
  • Hektisk, spennande og utfordrande fastlege -og legevaktjobb
  • Gode samarbeidspartnarar
  • Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
  • Vi kan leggja til rette for nødvendig fagleg rettleiing i eit allmennspesialistløp.
  • Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
  • Storbyliv tre timar køyreveg unna. Kommunen har personalbolig for utleia i Kristiansand.
  • Vi er behjelpelig med å skaffa bustad



Andre opplysninger


Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler.

Krav om politiattest ved tilsetjing

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!


Kontaktinformasjon

Heinz.Diehl

Tenesteleiar Helse

41449988

Søknadsfrist: Snarast

Arbeidsgivar: Bykle kommune

Stad: Bykle

Stillingstittel: Fastlege

Stillingar: 1

Heltid / Deltid: Heltid

Tilsetjingsform: Vikar

Stillingsprosent: 100


Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.