16 Feb 2022 kl: 00:00
Einingsleiar

Sunnfjord kommune - Sunnfjord

Sunnfjord Enhetschef

Einingsleiar

Einingsleiar


Viktig og spennande stilling ledig ved Førde omsorgssenter, langtid. 2. gongs utlysing

I Sunnfjord kommune er det 4 omsorgssenter/institusjonar med til saman 163 sjukeheimsplassar. Ved Førde omsorgssenter er det 4 einingar; korttid, langtid og skjerma, samt kjøkkentenesta. I tillegg har Aktivitetseininga dagtilbod for eldre ved omsorgssenteret. Førde omsorgssenter, langtid, har 26 langtidsplassar og 2 avlastingsplassar. Eininga har assisterande einingsleiar og om lag 27 årsverk. Einingsleiar har fagleg -, personal- og økonomiansvar for eininga.


Satsingsområde:

Omsorgssentera jobbar målretta med å utvikle gode tenestetilbod til institusjonsbebuarane. Målet er å gjere kvardagen god og allsidig for bebuarane, og skape god trivsel og ein trygg kvardag. Dette ønsker vi å få til gjennom god samhandling på tvers av einingar, i samarbeid med pårørande og frivillige, samt ved bruk av innovative løysingar.

Vi søker no etter:


  • einingsleiar i 100 % fast stilling



Krav til stillinga:


  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • relevant leiarerfaring
  • erfaring frå fagfeltet
  • god IKT- kompetanse
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • godkjent politiattest



Ønskeleg med:


  • erfaring innan administrasjon og leiing, samt økonomiarbeid
  • kjennskap til ressursstyringssystem og turnusarbeid, lov- og avtaleverk
  • vidareutdanning innan administrasjon og leiing
  • relevant vidareutdanning innan fagfeltet



Vi søker deg som:


  • er engasjert i fagfeltet og har evne til å motivere
  • er utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
  • har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg
  • er ein tydeleg leiar med gjennomføringsevne
  • har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • er lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet



Vi kan tilby deg:


  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt fagleg samarbeid med fokus på utvikling
  • deltaking i leiarteamet i omsorgssektoren
  • løn etter avtale

Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!


Kontaktinformasjon

Kirstin Bruland

+47 57726103

+47 41615102

Søknadsfrist: 05.03.2022

Arbeidsstad: Førde

Heiltid / Deltid: Heiltid

Jobbtype: Fast

Tiltreding: 01.04.2022


Sunnfjord kommune Omsorg

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 23 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.