Spennande stillingar i oppvekstsektoren

Spennande stillingar i oppvekstsektoren


Leiarstillingar

Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Leveld skule frå 01.08.20


Leveld skule er ein grendeskule med ca. 65 elevar, fordelt på 1.-7. trinn, og har om lag 10 lærarårsverk. Samarbeid og sameksistens med bygd og folk er viktig. Gode høve til bruk av areal til aktivitet og leik også utanom skulen sin uteleikeplass.

Kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • Relevant undervisningskompetanse
  • Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller skuleleiarutdanning (t.d rektorskulen) og leiarerfaring
  • IKT-kompetanse

Les meir



Det er ledig 100 % fast stilling som styrar i Sando barnehage frå 01.08.2020


Sando barnehage er ein toavdelings barnehage i grenda Sando på Ål. Barnehagen har eit stort og variert uteområde og har kort veg til skog og ulike turmål. Legg vekt på uteliv.

Les meir



Det er ledig 100 % fast stilling som styrar ved Sundre barnehage frå 01.08.2020


Sundre barnehage held til i to hus på Prestegardsjordet i Ål sentrum og er Ål sin største barnehage med sine seks avdelingar. Barnehagen har eit stort og variert uteområde og har direkte tilgang til Ål skulepark, eit park-, natur- og aktivitetsområde og kort veg til Ål kulturhus med bibliotek og galleri.

Les meir

Kvalifikasjonar for begge stillingane:

  • Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning
  • Leiarerfaring
  • IKT-kompetanse

Me tilbyr

  • barnehagar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • engasjerte vaksne, barn og foreldre
  • kompetanseheving
  • hjelp til å skaffe bustad
  • pensjonsordning KLP

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.


Ansök