Oppmålingsingeniør
Areal- og byggesak søker etter medarbeidar
Oppmålingsingeniør
Areal- og byggesak har ansvar for kommunen sin arealplanlegging, plan- og byggesakshandsaming, byggetilsyn, kartforvaltning og måle- og deletenester. Eininga kan tilby interessante og utfordrande oppgåver i arbeidet med kommunen sin arealmessige og arkitektoniske utvikling. Våre 19 medarbeidarar arbeider i eit spanande, fleksibelt og tverrfaglig miljø i moderne lokalar sentralt i byen Førde.
Areal- og byggesak ønsker mangfald og ein jamn fordeling mellom kvinner og menn på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonshemming, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.
Vi søker no etter:
- oppmålingsingeniør i 100 % fast stilling
Arbeidsoppgåver:
- oppmålingsforretning med etterfølgande matrikkelføring
- oppgåver innan tingsrett og eigedomsrett
- utstikking/innmåling etter oppdrag
- sakshandsaming etter matrikkellova og anna relevant lovverk
- adresseringsoppgåver
- kundekontakt
Kvalifikasjonar:
- Høgskuleutdanning med særskilt vekt på landmåling, eigedomsdanning, matrikkellære, eller tilsvarande utdanning og praksis
- Relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning
- Det vert lagt vekt på god kommunikasjonsevne og gode evner til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- gode datakunnskap
- erfaring innan GIS
- godkjent matrikkelførarkurs
Vi søker deg som:
- er serviceinnstilt og løysingsorientert
- har evne til å arbeide godt både sjølvstendig og i gruppe med andre
- taklar høgt tempo og komplekse oppgåver
- er initiativrik, strukturert og målbevisst
- har heilskapsforståing
Vi tilbyr:
- lyse moderne kontorlokale sentralt i Førde
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- godt sosialt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
Eininga vår er ein god stad å jobbe. Vi er ein kreativ og effektiv organisasjon, og vi set pris på godt humør, arbeidsglede og omsorg for kvarandre. Du vil ha kontorplass i nye og funksjonelle lokalar for tida i Førde sentrum (Sunnfjord rådhus). Hos oss får du ryddige arbeidstilhøve. Sjølv om arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på å vere føreseieleg og gje rom for avspasering og lønskompensasjon.
Du søker elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Søknadsfrist: 12.12.2020
Jobbtype: Fast
Tiltreding: Etter avtale
Kontaktpersonar:
Odd Harry Strømsli
tlf: +47 57 61 27 15
mob: +47 414 76 710
Sunnfjord kommune Areal- og byggesak
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.