Elektrofagarbeidar

Vil du vera med på laget i vår framtidsretta industribedrift?


Elektrofagarbeidar


Stillinga høyrer til elektroområdet i vår teknisk avdeling. Elektroanlegga omfattar 12 fordelingsanlegg med 34 transformatorar frå 45 – 0,5 MVA med spenningsnivå på 132, 12, 0,4 og 0,23 kV. I tillegg er det fordelingsanlegg innan 230 VAC, 400 VAC og 220 VDC, samt prosesstyreanlegg innan dei ulike prosessavsnitta. Årsforbruk er om lag 400 GWh.

Dei viktigste arbeidsoppgåvene vil vera:


  • Dagleg vedlikehald innan tildelt ansvarsområde, herunder deltaking i faste morgonmøter
  • Deltaking i prosjekt- og forbetringsarbeid
  • Forebyggande vedlikehald
  • EBS / 5S (Lean)
  • Deltaking i heimevaktordning



Ynskjelege kvalifikasjonar:


  • Fagbrev innan relevant elektrofag
  • Erfaring frå arbeid med prosessanlegg og databaserte styringsanlegg
  • Erfaring med bruk av PC som oppfølgingssystem
  • Yrkesbevis for traverskran
  • Førarkort kl. B
  • Gode HMS haldningar og aktivt fylgje gjeldande prosedyrar og rutinar
  • Initiativrik og engasjert
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.

Stillinga rapporterer til vedlikehaldsleiar elektro.

Bedrifta hjelper til med å skaffe bustad.


Region: Vestland

Jobbtype: Fast

Arbeidstid: Heltid

Arbeidsdager: Dag

Søknadsfrist: 30.10.2020

Arbeidssted: Ålvik

Kontaktpersoner:

Arild Rykkje,

Telefon: +47 56 55 08 90

Mobil: +47 918 45 650


Ansök