Lærarstillingar/ barnehagelærarstillingar

Lærarstillingar/barnehagelærarstillingar


Lærarar og spesialpedagogar til grunnskulen frå 01.08.2020


Det er ledig eit uspesifisert tal fast stillingar/vikariat ved skulane i Ål. I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule. Skulane er godt utstyrte for å kunne drive variert og tilpassa undervisning. Stor IKT-satsing dei siste åra der elvane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC og alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi. Deltek i den regionale satsinga «Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø».

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3.
  • Me ynskjer søkjarar med interesse for, og gjerne vidareutdanning, innan spesialpedagogikk og IKT.



Barnehagelærarar og spesialpedagogar til barnehagane frå 01.08.2020


Det er ledig eit uspesifisert tal faste stillingar/vikariat i barnehagane i Ål. Barnehagane er oppdaterte og godt tilrettelagt for leik og læring, og dei har store og innhaldsrike uteområde. Deltek i den regionale satsinga «Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø».

Kvalifikasjonar:

  • Krav om utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning, gjerne med vidareutdanning.
  • Spesialpedagogikk er eit satsingsområde.



Me tilbyr


  • barnehagar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • engasjerte vaksne, barn og foreldre
  • kompetanseheving
  • hjelp til å skaffe bustad
  • pensjonsordning KLP

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettingane.



Send søknad


Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk ” Søk stilling” og fyll ut den elektroniske søknaden.

Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.

Du er velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

Søknadsfrist 02.03.20


Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen, er den største av kommunane i Hallingdal med litt under 5 000 innbyggjarar og med Bergensbanen og RV 7 som hovudårer. I Ål finn du mellom anna Ål kulturhus med Landsdelscene for dans, og det lokalmedisinske senteret, Hallingdal sjukestugu.

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.

Ansök